Hafslo stavkyrkje
Hafslo stavkyrkje var ei stavkyrkje i Hafslo i Sogn, som vart riven i 1875.
Historie
endreKyrkja er første gong nemnd i "Bjørgynjar kalvskinn" i 1360.[1] Ein gong før 1722 vart det opphavlege koret erstatta av eit lafta kor i tømmer. Kyrkja vart til slutt riven i 1875, men då stod berre vestveggen og reisverket att av den opphavlege kyrkja.[1]
Utsjånad
endreIfølgje ei synfaring frå 1665 hadde kyrkja då framleis svalgangar. Ho hadde òg eit tårn i vestenden, neppe like gammalt som kyrkja. Det vart nemnt to våpenhus, noko som må tyda at kyrkja hadde to inngangar. Svalgangane vart vølt ved denne synfaringa.[1] I 1722 stod berre skipet og svalgangane att av den opphavlege kyrkja. Det var bygd på eit lafta kor. Kyrkja hadde òg fått lagt inn eit kvelva loft og var "med snedkerverk vel forsynet".[1]
Kyrkja var treskipa, med flathogne søyler. Ho hadde i alt 18 søyler, sju på kvar langside og to mellom hjørnestolpane på vestre smalside. Kyrkja hadde uvanleg mange tverrbjelkar over midtskipet, mykje fleire enn kva som er vanleg i stavkyrkjer. Skipet var 44 fot gonger 30 fot (14 m x 9 m). Det lafta koret var 30 fot gonger 24 fot (9 m x 8 m).
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 260-261
Kjelder
endre- Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
Bakgrunnsstoff
endre- Hafslo stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren