Opna hovudmenyen

Haldis Havrøy

norsk politikar

Haldis Havrøy, opphavleg Haldis Pettersen, (28. juli 192510. september 2000) var ein norsk arbeidar og politikar, fødd i Hadsel i Nordland, der far hennar arbeidde som kaiformann. Ho representerte Oslo og ArbeidarpartietStortinget frå 1973 til 1981.

Haldis Havrøy
Fødd 28. juli 1925
Død

10. september 2000

Yrke politikar

Havrøy var busett i Oslo, der ho i åra 1951-58 var vaskehjelp ved Mustad fabrikker. Frå 1959 til -61 var ho styrar av kantina ved Østlandske fryserier, og deretter ekspeditrise ved Oslo samvirkelag til 1964. Ho arbeidde så som kontorist i ASEA-Per Kure A/S til 1967, og og 1970-71 ved Arbeiderbevegelsens utredningskontor. Åra 1971-73 var ho bokhalder hos A/S Idekommunikasjon.

Hausten 1973 vart Havrøy vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Oslo, og tok sete i sosialkomiteen. Etter ho vart attvald i 1977, flytta ho over i industrikomiteen.

KjelderEndra