Hale-observatoria
Wikimedia-fleirtydingsside
Hale-observatoria er ei gruppe på fire observatorium: Mount Wilson Observatory, Palomar Mountain Observatory, Big Bear Solar Observatory, alle i California i USA, og Las Campanas Observatory i Chile. Dei er kalla opp etter George Ellery Hale, som skipa dei tre i USA. Observatoria blir finansiert av California Institute of Technology og Carnegie Institution of Washington.
Kjelder
endre- «Hale-observatoriene», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014