Opna hovudmenyen

Hallvard Kåre Kuløy (fødd 25. desember 1941 på Kuløy ved Smøla, død 16. mai 2001) var ein norsk forleggjar, UNICEF-medarbeidar og menneskjerettsforkjempar.[1] Han var mellom anna direktør for UNICEF i Nepal (1972-78), UNICEF-direktør i Burma (1980-84) og Sør-Korea (1984-87).[2] Kuløy var nær ven av Aung San Suu Kyi, ei tid budde ho og mannen Michael Aris hos Kuløy i Katmandu. Kuløy var også sentral i arbeidet med sikre å Nobels fredspris til Aung San Suu Kyi.[3]

Hallvard Kuløy
Fødd 25. desember 1941
Død

16. mai 2001

Yrke forleggjar

ReferansarEndra

  1. http://www.dagbladet.no/nyheter/2000/09/23/220375.html
  2. Aftenposten 18. mai 2001, nekrolog, s.11.
  3. Bøckman, Harald kronikk s.28 i Klassekampen 16.juni 2012