Opna hovudmenyen

Hallvardsmesse er minnedagen for sankt Hallvard og vert feira 15. mai. Hallvardsmesse er ein av merkedagane på primstaven, der er han oftast avmerkt med ein kvernstein eller nokre prikkar for korn. Primstavmerket siktar til Hallvard Vebjørnson som etter legenda vart drepen og søkkt i Drammensfjorden med ein kvernstein om halsen, men som sidan vart heilagkåra.

Hallvardsmesse (evt skrive halvardmesse, halvardmess) har vore mykje brukt som merke for såtid. I tidlege strok sør i Noreg heitte det gjerne at hallvardmesse var siste sådagen. På Austlandet var tre dagar før og tre dagar etter hallvardmesse rekna for beste såtida. Nord i landet var hallvardmesse gjerne starten på såtida. Andre stader er hallvardsmesse dagen for å sleppe ut kyrne.

KjelderEndra