Halmøya er ei øy i Flatanger kommune i Trøndelag.[1] Arealet er 4,8 kvadratkilometer. Det finst fleire hellarar her med spor etter busetnad tilbake til steinalderen,[2] størst er Håkkahelleren (32,5 m djup, 12 m brei og 6 m høg). Halmøya skal ha vore militær samlingsplass tilbake i vikingtida, såkalla skipreide som skulle stille med minimum eitt skip med mannskap når det var ufred.[3]

Halmøya
Geografi
Stad Namdalen
Koordinatar 63°31′16″N 10°42′50″E / 63.52111°N 10.71389°E / 63.52111; 10.71389

Areal 4,8 km²

Høgaste punkt Nova (173 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 0

Øya er òg gammal kyrkjestad. Halmøy kyrkje vert nemnd første gong i skriftlege kjelder i 1468, men er truleg langt eldre.[4][5] Kyrkja vart riven i 1874.[6] Halmøya Halmøya var busett i enno hundre år, fram til 1970-talet.

Kjelder

endre
  1. Halmøya på Norgeskart.no fra Statens kartverk
  2. Torunn Herje (1999). Kysten vår: Namdalskysten gjennom 10000 år. Kystbok. s. 95. ISBN 82-91134-24-3. 
  3. Hylland 1962, side 109
  4. Halmøya i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  5. Sandnes, Jørn (1926-2007) (1965). Namdalens historie. Namdal historielag. s. 76, 292. 
  6. Hylland, Julian (1962). Flatangerboka. kommunen. s. 210-213, 231. 
  Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.