Ei halvbølgjeplate er i optikken ei nemning brukt på ei tynn, dobbeltbrytande plate, til dømes ei glimmerplate, der ein for ei midlare bølgjelengd i det synlege spektrumet har ein gangskilnad mellom den ordinære og den ekstraordinære strålen på ei halv bølgjelengd. Sirkulært polarisert lys får ved gjennomgang gjennom ei halvbølgjeplate motsett omlaupsretning. Halvbølgjeplater blir brukt som hjelpemiddel ved undersøkingar av polarisasjonstilstanden til lyset.

Kjelder

endre