Halvor Fosli
Halvor Fosli (fødd 30. august 1961) er ein norsk forleggjar og forfattar frå Tokke i Telemark.
Halvor Fosli | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1961 (63 år) Dalen i Tokke |
Yrke | skribent, redaktør, journalist |
Fosli gjekk på Nansenskolen vinteren 1980-81, tok cand.mag. i 1984, årsstudium i kulturfag ved Telemark distriktshøgskole i 1986 og magistergrada i sosiologi ved Universitetet i Oslo hausten 1992, med idéhistorie, kristendomskunnskap og historie som støttefag. Fosli har hatt ei rekkje stillingar i norsk medie- og bokbransje, som forlagsredaktør i Spartacus, Kagge og Aschehoug, han dreiv eige forlag i fem år (Exlex forlag as, 1994-99) og var redaktør for det faglitterære tidsskriftet Prosa i to åremål (2000–2005).
No og då har han òg arbeidd frilans som skribent, forfattar, konsulent og kritikar. Fosli har fire ungar og bur på Skøyen, Oslo.
Bibliografi
endre- Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid. Document Forlag, 2019.
- Fremmed i eget land. Samtaler med den tause majoritet. Vigmostad & Bjørke, 2015.
- Kvite kull og svarte får. Ingeniørar i norsk skjønnlitteratur Universitetsforlaget, 1996
- Ute på prøve. Artiklar og tekstar 1988–1995, Det Norske Samlaget, 1996 (Bragepris-nominert)
- Bibelens visdom Utvalgte sitat ved Halvor Fosli og John Stanghelle, Cappelen, 1996
- Oscar Wildes aforismer Gyldendal, 1996
- Litterær spørrebok. 395 spørsmål om norsk litteratur Exlex Forlag, 1995
- [Johan Corneliussen:] Om Rukla. Illustrert «spørrebok» om en biperson. Redigert og utgitt av Halvor Fosli, Exlex Forlag, 1995
- Kristianiabohemen. Byen, miljøet, menneska Det Norske Samlaget, 1994 (Bragepris-nominert)