Handball-NM 1993/Menn

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 1993 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening gjennom finalesiger 25 – 14 over Fyllingen Idrettslag.

Semifinalane endre

  • Sandefjord TIF – IL Runar 16 – 15
  • Viking HK – Fyllingen IL 18 – 21

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum torsdag 30. desember 1993 framfor 1 744 tilskodarar. Sandefjord tok tidleg føringa og leia 12-6 ved pause. Fyllingen reduserte i den andre omgangen til 9-14. før Sandefjord sidan høvla over Bergens-laget og til sist vann med heile elleve fleire mål enn Fyllingen.

Sandefjord-måla kom frå Simen Muffetangen (8), Øystein Havang (4), Ole Gustav Gjekstad og Geir Oustorp (3, begge), Eyvind Wingsternes og Atle Larsen (2, begge), John Petter Sando, Stein Olaf Sando, Johnny Jensen (1, alle). Karl Erik Bøhn og Erik Holmer kom ikkje på skåringslista. Gunnar Fosseng var målvakt.

For Fyllingen skåra Trond Botnen 6 mål og Jan Aase 4. Morten Haugstvedt, Rune Søvdsnes, Knut Heimark og Rolf Dahle noterte seg alle for ei skåring.

Dommarane Kenneth Abrahamsen og Arne M. Kristiansen straffa Sandefjord med fire 2-minuttsutvisingar og Fyllingen med tre.

Kjelder endre