Handball-NM 1996/Menn

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 1996 for menn vart vunnen av Viking Håndballklubb gjennom finalesiger 36 – 35 etter ekstraomgangar mot Idrettslaget Runar.

Kvartfinalane endre

  • Stavanger IF – Viking HK 21 – 28
  • Drammen HK – IL Runar 23 – 28
  • Kragerø IF – Elverum IL 32 – 27
  • Sandefjord TIF – Kristiansand 20-21

Semifinalane endre

  • Kragerø IF – IL Runar (22-23 og 27-31) 49 – 54
  • Viking HK – Kristiansand (23-20 og 26-23) 49 – 43

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Stavanger idrettshall laurdag 28. desember 1996 med mellom 2 og 3 000 tilskodarar til stades. Runar var i føringa store delar av kampen. På det meste var laget frå Sandefjord oppe i ei firemålsleiing. Ved pause leia Runar 16-15. På stillinga 28-28 og før ordinær tid var ute, fekk Runar straffekast. Men kapteinen skaut utanfor målburet. I ekstraomgangane fekk Viking overtaket og mannskapet sikra klubben sin tredje kongepokal.

Viking sin toppskårar i finalen, Jan Thomas Lauritzen, skåra heile 10 mål. Hakk i hæl fylgde Asle Gran med 9 skåringar, medan Stig Penne stod for 6 nettkjenningar og Tor Bjørn Andersen for 5. Christian Berge, Rune Haugseng og Morgan Lunde skåra kvar sine 2 mål. Laget hadde ei dyktig målvakt i Steinar Ege.

Jarl Trollerud fann vegen til nettmauskane 11 gongar og vart med det både Runars og kampens toppskårar. Kristian Hansen skåra 8 mål, Geir Erlandsen 5 og Bård Tonning 4. Ole Kristian Strøm og Stian Gabrielsen noterte seg begge for 2 skåringar, medan Tormod Moldestad, Lasse Lie og Jon Egil Ek skåra ein gong kvar. Målvakta Mats Fransson stod ein god kamp.

Dommarane Bjørn Høgsnes og Svein Olav Øie straffa Viking tre tominutts-utvisingar og Runar seks.

Kjelder endre