Handball-NM 1999/2000 for menn
Noregsmeisterskapen i handball 1999/2000 for menn vart vunnen av Viking Håndballklubb etter finalesiger 24 – 21 over Drammen Håndballklubb.
Finalen
endreFinalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 4. mars 2000 framfor 4 110 tilskodarar. Viking leia med to mål til pause, 12–10, og auka leiinga til tre mål ved full tid, 24-21.
Viking-måla kom frå Jan Thomas Lauritzen (6), Stig Penne (5), Vegard Samdahl (4), Rune Skjærvold (4), Mattias Gustavsson (3), Erlend Sødal (1) og Trond Førde Eriksen (1). Sindre Walstad var målvakt.
Kantspelaren Geir Oustorp vart toppskårar i kampen med 7 nettskjenningar. For Drammen skåra elles Kristian Kjelling 5 mål, Geir Jomaas (3), Geir Erlandsen (3), Morgan Lunde (2), Knut-Helge Jacobsen (1), medan Svein Erik Bjerkrheim enda mållaus.
Dommarane Bjørn Høgsnes og Svein Olav Øie straffa Viking fire tominutts-utvisingar og Drammen med ei.