Handball-NM 2008/Menn

Noregsmeisterskapen i handball 2008 for menn enda med triumf for Idrettslaget Runar etter finalesiger 27–24 over Elverum Idrettslag.

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 27. desember 2008 framfor 4 317 tilskodarar. Runar tok styringa midtvegs i den fyrste omgangen og leia 16–12 ved pause, takk vere godt forsvarsspel. I den andre omgangen kontrollerte laget frå Sandefjord kampen inn til siger 27–24.

Runar sine mål kom frå Christoffer Rambo (7), Ståle Aspestrand, Jac Karlsson, Kristinn Bjørgulfsson og Eric Åberg (4, alle), Christian Rustand (2), Peder Trevland og Sebastian Lindell (1). Tormod Moldestad kom ikkje på skåringslista. Danske Jonas Degnbol stod ein god kamp i målet.

Are Kristoffer Grongstad skåra 7-sju gongar og vart toppskårarar for Elverum.

Dommarane straffa vinnarlaget med fire 2-minuttsutvisingar og Elverum med tre.

Kjelder

endre