Handtrykk

(Omdirigert frå Handhelsing)

Handtrykk er ei helsing som skjer ved at to personar rekkjer kvarandre handa og trykkjer med eit fast grep. Handtrykket vert bruka ved presentasjon, ved møte og ved avskil. Det vert òg bruka til å stadfeste avtaler; at handtrykket forpliktar, er i Noreg lovfesta i Norske lov.[1]

Handtrykk

Eit handtrykk vert til vanleg utført med høgre hand. Speidarar handhelsar med venstre hand, medan høgrehanda vert bruka til å gjere speidarhelsing.

I Noreg er det skikken at begge dei helsande er like ivrige og villige til å rekkje kvarandre handa. I mange andre land er hovudregelen at den som har høgst rang, avgjer om ein skal handhelse eller ikkje. Dersom ei hand vert strekt fram for presentasjon, kan det verte oppfatta om ei fornærming om den andre ikkje tar imot handa.[2]

Kjelder

endre