Hans Johan Sagrusten

Hans Johan Sagrusten (fødd 9. juni 1970) er ein norsk teolog, prest og diktar. Han er bibelbrukskonsulent i Det Norske Bibelselskap. Han er ein av omsetjarane bak den nyaste norske bibelomsetjinga Bibel 2011.

Hans Johan Sagrusten
Fødd 9. juni 1970 (51 år)
Yrke teolog

Sagrusten har gjeve ut diktsamlingane Dua over Jordan (2000), Haustsong (2003) og Evangeliesonettar (2012). I 2014 gav han ut ei bok om dei eldste manuskripta til Bibelen, Det store puslespillet, følgd av Det store puslespelet II (2016). I 2017 gav han ut boka Den skjulte skatten om Aslak Bolts bibel.