Hans Olsson Stokke
fyrste ordførar i Hjørundfjord kommune
Hans Olsson Stokke (1803–13. november 1888) var ein norsk omgangsskulelærar, småbrukar og lokalpolitikar. Han var frå garden Stokke i Bondalen i Hjørundfjord i noverande Ørsta kommune.
I 1838 vart Hans Stokke fyrste ordføraren i i Hjørundfjord kommune. Dette vervet hadde han i 14 år, til 1851. Han sat samanhengande i kommunestyret til i 1869. Han var og den som representerte Hjørundfjord på det fyrste amtstinget i Romsdals amt, 16. juli 1838.
Hans Stokke var gardbrukar i Olagarden på Stokke. Han var gift to gonger og hadde til saman ti born.
Han var omgangsskulelærar i tida 1825-1842. Fyrst skula han på Strendene, sidan i Bondalen
Kjelder
endre- Sveinung Walseth (2024). «Ordførarar i Hjørundfjord kommune 1837-1964». I Ole-Ragnar Riise. Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46. Hjørundfjord sogelag. s. 43-44. ISBN 978-82-91142-34-0.