Opna hovudmenyen

Harald Hennum

norsk fotballspelar

Harald Hennum (29. mai 192814. oktober 1993) var ein norsk fotball- og bandyspelar som spelte fotball for osloklubbane Frigg og Skeid. Han deltok i 43 fotballandskampar for Noreg i tida 1949-60, og i ein bandylandskamp.

Harald Hennum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mai 1928
Oslo
Død

14. oktober 1993
Oslo

Idrett fotball
Yrke fotballspelar, bandyspelar

FotballEndra

Hennum var ein dei store profilane i norsk fotball på 1950-talet. Han var senterløpar på Frigg frå 1949 til -52. Åra frå 1953 til sommaren 1959 hadde han stor suksess i same posisjonen hos byrivalen Skeid. Med Skeid vart han cupmeister fire gongar, og var toppskårar i Hovudserien i 1954/55-sesongen. I 1959 gjekk han tibake til Frigg, la opp for godt i 1963.

Hennum debuterte for Noreg mot Sverige i Stockholm 2. oktober 1949, og skåra eitt av måla i kampen som enda 3-3. Fram til 1960 spelte han til saman 43 landskamper og skåra 25 landslagsmål, fleire enn nokon ann har gjort i tida etter 1945. I privatlandskampen Noreg-DDR på Ullevaal stadion 13. august 1958 skåra han fire av mål då Noreg vann eit heseblæsande oppgjer 6-5.

Magnus Breili skriv i Fotballboken at «Hennums styrke lå i hans store hurtighet og gjennombruddskraft og frapperende tilslag på ballen», men at han var «høyst variabel i sin innsats».[1]

MerittarEndra

  • Cupmeister med Skeid: 1954, 1955, 1956 og 1958

NotarEndra

  1. Magnus Breili:Fotballboken:83. 1967