Harstad IL

(Omdirigert frå Harstad Idrettslag)

Harstad Idrettslag er eit idrettslag, stifta 1. mars 1903, heimehøyrande i Harstad. Laget vart stifta som Landsås skilag, dagens namn kom i bruk i 1912.

Harstad stadion

Idrettslaget er i 2015 ein rein fotballklubb. Laget spelar kampane på Harstad stadion, i 1977 den fyrste norske fotballbana med kunstdekke. I 1950-/60-åra var Harstad IL eit av dei fremste fotballaga i Nord-Norge, med siger i den nordnorske cupmeisterskapen i 1953, 1954, 1955, 1957, 1959, 1962 og 1968. Fotballaget hadde elles ei god tid på 1980- og 1990-talet, då det i til saman seks sesongar deltok på nivå to i norsk fotball. Harstad IL spelar i gul- og svartstripete skjorter og svarte bukser og strømper. Trygve Bornø er den mest meritterte fotballspelaren i Harstad IL.

Tidlegare var Harstad IL aktivt også i handball for kvinner, friidrett, samt i skiidrettane langrenn, skihopping og kombinert.

Kjelder endre