Hartevatnet

innsjø i Bykle kommune

Hartevatnet eller Hartevatn er ein innsjø som ligg ved Hovden i Bykle kommune i Agder fylke.

Hartevatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Bykle
Høgd over havet 759–752 moh.
Areal 5,92 km²
Kystlengd1 24,03 km
Koordinatar 59°32′19″N 07°21′06″E / 59.53861°N 7.35167°E / 59.53861; 7.35167
Kart
Hartevatnet
59°32′19″N 7°21′06″E / 59.538611111111°N 7.3516666666667°E / 59.538611111111; 7.3516666666667
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hartevatnet er regulert mellom 752 og 759 moh., og heng i vestenden saman med Breivevatn gjennom ein kanal. Hartevatnet er ein del av Otravassdraget.

Namnet på vatnet kjem av dei mange småøyane (harter eller horter) som stikk opp av overflata. Etter oppdemminga er ikkje dette like tydeleg.

Hartevatnet har ein god bestand av småaure. Ved Hegni Friluftsområde er det båt- og kanoutleige på Hartevatnet i sommarhalvåret.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.