Haspel er ein roterande trommel utstyrt med lister som tek tak i aksa og legg dei i same retning inn på skjerebordet på sjølvbindarar og skurtreskjarar, slik at aksa blir liggande i same retning. Forutan posisjonen til haspelen er rotasjonsfarten, i høve til køyrefarten, med på å avgjera om stråa vert mata inn med aksenden eller rotenden fyrst. I ståande åker er høgda på haspelen stilt slik at listene tek tak i stråa under aksa og periferifarten til haspelen er så stor at loa vert lagd med aksenden fyrst innover. Det er ikkje kjend kven som fyrst tok i bruk haspel, men på ei kornhausarmaskin konstruert av Patrick Bell i 1828 var det haspel.

Fendt skurtreskjar i arbeid. Haspelen er den svarte sylinderer.