Haud, latin haud illaudabilis, «ikkje urosverdig», er ein tidlegare karakter ved norske universitet. Ved dei fleste fakulteta blei karakteren gitt for resultat mellom 2,6 og 3,2 i det dåverande talbaserte karaktersystemet. Resultat betre enn haud blei kalla laud og resultat dårlegare enn haud blei kalla non.