Haugsværfjorden
60°53′44.581″N 5°29′29.209″E / 60.89571694°N 5.49144694°E
Haugsværfjorden | |||
Botn av Haugsværfjorden
Foto: Frokor | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Masfjorden | ||
Haugsværfjorden 60°53′45″N 5°29′29″E / 60.89571694°N 5.49144694°E |
Haugsværfjorden er ein fjordarm av Masfjorden i Masfjorden kommune. Han strekkjer seg 4,5 km nordaustover frå innløpet ved Solheimsøyna ved Solheim på nordvestsida av fjorden. Grenda Haugsvær, som har gjeve namn til fjorden, ligg om lag halvvegs inn i fjorden på søraustsida og frå her strekkjer fjorden seg vidare 1,5 km inn til botn.
E39 følgjer fjorden frå Haugsvær og inn til botn.