Heidi Biebl (17. februar 194120. januar 2022) var ein tysk alpin skirennar frå Oberstaufen i Bayern som vart olympisk meister i utfor under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA.

Heidi Biebl


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 17. februar 1941
Oberstaufen
Død

20. januar 2022 (80 år)
Immenstadt im Allgäu

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1964, alpine skiing at the 1960 Winter Olympics – women's downhill

Ativ endre

Biebl var akkurat fylt 19 år då ho vann utforrennet under vinterleikane 1960 i Squaw Valley i delstaten California med ein margin på eitt sekund i høve til heimefavoritten Penny Pitou. Dermed vart ho den yngste olympiameisteren i leikane. Fire år seinare vart Biebl nummer fire både i utfor og slalåm då Vinter-OL 1964 fann stad i Innsbruck.

I tida frå 1959 til 1965 var Biebl den fremste kvinnelege alpinisten i Tyskland, og vart vesttysk meister heile 14 gongar i perioden. Usemje med det vesttyske skiforbundet førte til at ho la opp i 1966.

Kjelder endre