Heidi Petersen (fødd 30. august 1959)[1] er ei færøysk forretningskvinne, tidlegare lærar og politikar som representerte partiet TjóðveldiLagtinget og i kommunalpolitikk.

Heidi Petersen
Fødd30. august 1959 (65 år)
Kvívík
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiTjóðveldisflokkurin
Yrkepolitikar, lærar, forretningsdrivande
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Petersen er fødd i Kvívík og er utdanna lærer. Ho er gift med forretningsmannen Tummas Christophersen frå Vestmanna.[2][3] Ektefellen var med på å kjøpe reisebyrået Flogfelag Føroya (no 62°N) i 2007. I 2014 blei han eineeigar, mens Petersen blei dagleg leiar.[4]

Politisk karriere

endre

Petersen var vald inn i kommunestyret i Vestmanna for Kvinnulistin i perioden 1989–1992, og sat i same periode i styret i Føroya Kommunufelag. Ho var vald inn på Lagtinget frå Norðurstreymoy i perioden 2004–2008, vald for Tjóðveldi, og møtte fast for fiskeriminister Tórbjørn Jacobsen i eit halvår i 2008. Ho sat i Lagtingets næringskomité og Lagtingets kulturkomité. Ho leia veljarforeininga til Tjóðveldisflokkurin på Norðurstreymoy i perioden 2001–2004 og partiet sitt landsstyre 2002–2004.[2][3][5]

Kjelder

endre
  1. «Rithøvundar. Heidi Petersen (1959-)» (på færøysk). snar.fo. Arkivert frå originalen 2. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Heidi Petersen» (på færøysk). Løgtingið. Arkivert frå originalen 1. juli 2013. 
  3. 3,0 3,1 Hoydal, Høgni (8. september 2009). «Kvívíkskonubrot í Vestmanna fimmti» (på færøysk). Tjóðveldi. Arkivert frå originalen 16. januar 2016. 
  4. Gardar, Jógvan Hugo (8. august 2014). «Tummas hevur keypt Kent úr 62°N» (på færøysk). portal.fo. Arkivert frå originalen 16. januar 2016. 
  5. Petersen, Katrin. «– Ein háttur, sum hóvar kvinnum». Dimmalætting (på færøysk). Demokratia. Arkivert frå originalen 16. januar 2016.