Heimestell er den første kokeboka på nynorsk, skriven av Hulda Garborg og utgitt av avisa Den 17de Mai i 1898. Boka kom i mange opplag og Garborg skreiv fleire nye utgåver, den siste i 1917. Boka retta seg mot «smaae hushald, helst paa lande» og skulle vera for vanlege folk, i motsetnad til andre kokebøker som helst retta seg mot rikfolk med tenarar og store kjøkken. Boka tek føre seg heimestell i vid forstand, slik som vask av hus og barn og sengetøy, ikkje berre matstell.

Boka er ei god kjelde til dagleglivet i Noreg rundt århundreskiftet, samstundes som Garborg innførte fleire utanlandske matoppskrifter.

Ho blir stadig nyutgitt, sist av Vidarforlaget i 2017, med eit forord av Arnhild Skre. I 2021 gav Garborgsenteret ut teikneserieheftet Huldas Heimestell, med handling henta frå kokeboka.

Bakgrunnsstoff

endre