Heini Messner

Heinrich Messner, kjend som Heini Messner, (fødd 1. september 1939) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Obernberg am Brenner i Tirol. Han vann to OL-bronsar og ein VM-bronse under dei olympiske leikane i 1968 og 1972. Messner vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1967.

Heini Messner
Heinrich Messner 1968.jpg
Fødd 1. september 1939 (83 år)
Obernberg am Brenner
Yrke alpinist
Heini Messner på Commons

AktivEndra

Frå 1961 til -67 vann Messner fem austerrikske meistertitlar. Han vart fyrst utformeister i 1961, deretter vann han slalåm tre år på rad, 1964-66, og til sigra han i den nasjonale meisterskapen i storslalåm i 1967.

Messner OL-debuterte på heimegrunn i Tirol med ein tiandeplass i utfor under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. To år seinare vart han nummer fire i same greina då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i chilenske Portillo.

Den 5. januar 1967 vann Messner det aller fyrste rennet i verdscupen i alpine greiner. Rennet vart avvikla i Berchtesgaden i Vest-Tyskland. Sigeren vart hans i einaste i verdscupen, men fram til 1972 tok han 17 gongar steget opp på sigerspallen. I verdscupsesongen 1967 enda han på andreplasse etter suverene Jean-Claude Killy frå Frankrike.

Under dei olympiske leikane i Grenoble i 1968 tok Messner bronsemedaljen i storslalåm og vart nummer nummer fire i utfor. Desse prestasjonane, samt ein delt 13. plass i slalåm gav han VM-bronse i kombinasjonen, ei øving som ikkje stod på OL-programmet.

I VM i alpine greiner 1970 i Val Gardena vart Messner nummer fire i storslalåm. To år etter tok han bronsemedaljen i utfor då vinterleikane 1972 fann stad i Sapporo.

TrenarEndra

Messner var 1972-74 trenar for Austerrike sitt landslag for kvinner.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar