Anne Helene Rask Arnesen (fødd 11. november 1980) er ein norsk modell frå Fagerstrand på Nesodden. Ho voks opp på bondegård som nummer 3 av 8 sysken. Ho gjekk på Steinerskolen på Nesodden, berre avbrote av eit opphald på månader ved Alværn ungdomsskule. Rask vart kjent i 2002 gjennom deltakinga si i TV-programmet Fear FactorTV3, der ho angiveleg var nær ved å drukne under innspelinga.

Helene Rask
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1980 (43 år)
Nesodden
Yrke modell, songar

Rask Models endre

Rask dreiv modellbyrået Rask Models, som profilerte seg som det største glamourmodellbyrået i Noreg, og har vore omtalt og avbilda i blada FHM, Vi Menn, Se & Hør og Her & Nå.

21. mars 2009 melde Finansavisen at Rasks selskap var slått konkurs på grunn av manglande skatteinnbetaling.

Utgjevingar endre

Singler
  • No lóve
  • Same Colours
  • Get on

Deltaking endre

  • 2000:   Valen & de - Etter fjøstid (gjest)
  • 2002:   Fear Factor Norge (deltakar)
  • 2005:   Først & sist (gjest)
  • 2005:   Aylar - Ett år i rampelyset (seg sjølv)
  • 2006:   På tråden med Synnøve (seg sjølv)
  • 2009:   Glamourjentene (seg sjølv)
  • 2009:   Fredag (gjest)
  • 2010:   Norgesmester (seg sjølv)