Helgebostad er ei øy som ligg nordvest for Hitra i Trøndelag. Øya deler Straumsfjorden, som vert kalla Hestnessundet nord for øya og Håvikstraumen sør for øya.

Helgebustad
Geografi
Stad Hitra
Koordinatar 63°34′26″N 08°33′52″E / 63.57389°N 8.56444°E / 63.57389; 8.56444

Høgaste punkt Kjempevarden (74 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Lenge såg øya ut til å verte fråflytta sjølv om det berre skilde nokre få meter til fast-Hitra ved sørenden av øya. Ein gammal kran frå det nedlagde Trondheim Mekaniske Verksted vart ombygd til vegbru og øya fekk vegsamband til Hitra i 1983.

På slutten av 1800-talet jakta baron von Leverkusen hjort på Helgebostad,[1] og fekk mellom anna oppført eit jaktslott, som står den dag i dag.[2]

Kjelder endre

  1. «P L A N F O R K U LT U R M I N N E R 2020 – 2023» (PDF). hitra.kommune.no. 
  2. «Om oss», Hitra Gårdsmat (på norsk bokmål), henta 17. februar 2024