Helicotrema (av gresk ἕλιξ, «spole» og τρη̂μα «hòl») er den delen av hinnelabyrinten der scala tympani og scala vestibuli møtast. Det er hovudkomponenten i spissen av sniglehuset. Hårcellene i dette området fangar opp lågfrekvente lydar.[1]

Sniglehuset og labyrinten sett frå oversida. Scala tympani og scala vestibuli (venstre) snurrar opp i ein spiral og møtast for å danne helicotrema (øvst).

Kjelder

endre
  1. Behrbohm, Hans; Kaschke, Oliver; Nawka, Tadeus; Swift, Andrew (2009). Ear, Nose and Throat Diseases (3 utg.). New York: Thieme. s. 15. ISBN 9783136712030. 


  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.