Henrik Lassen
Henrik Andreas Zetlitz Lassen (4. mars 1818–6. januar 1890) var ein norsk lege frå Stavanger som representerte Stavanger og seinare også Haugesund på Stortinget i tre valperiodar i tida frå 1862 til 1876.
Henrik Lassen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. mars 1818 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Lassen var son til ein meklar. Etter preliminæreksamen 1835 tok han norsk medisinsk eksamen i 1839. Han var privatlege 1840-47 i Svelvik og distriktslege 1847-56 i Vestre Råbyggjelag, med bustad i Bygland. Frå 1856 til 1876 var han privatlege i heimbyen Stavanger, der han i tillegg var lege ved sjukehuset i byen frå 1862 og styrar av sinnssjukeasylet frå 1871. I 1876 flytta han til Lillehammer og var distriktslege i Fåberg i elleve år.
Lassen var medlem av Stavanger bystyre frå 1858 til han flytta frå byen i 1876, ordførar 1860-68. Han var stortingsmann frå Stavanger i 1862-63, medlem av Justiskomite nr 2, og på Omframtstortinget 1864. Også i 1865-66 representerte han heimbyen på Tinget, då medlem i Militærkomiteen. Han sa nei til attval i 1867, men vart kåra til fyrste varamann då valmenn frå valkrinsen Stavanger og Haugesund møttest til valting hausten 1873. Då den valde representanten, Thomas S. Falck vart permittert etter 1874-sesjonen, møtte Lassen på Stortinget i 1875 og 1876, medlem i Vegkomiteen.
Han døydde på Lillehammer.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914