Heraklit var ein gresk filosof som kom frå Efesos. Ein veit ikkje når han vart fødd eller når han døydde, men han skal ha levd under den 69. olympiaden som var omkring 504-501 år før vår tidsrekning. Sidan ein berre har fragment av det han skreiv og stilen han brukte var så løyndomsfull har han blitt kalla «den dunkle filosof».

Heraklit

Statsborgarskap Efesos
Fødd ca. 535 f.Kr.
Efesos
Død

ca. 470-åra f.Kr.
Efesos

Yrke filosof, skribent, fysikar
Språk gamalgresk
Heraklit på Commons

Sjølv om Heraklit er kjend for sitt utsagn om at «alt flyt» eller «panta réi» som det heiter på gresk, la han stor vekt på fornuften, logos, i tenkjinga si. Logos ligg bak alt og styrer verda.

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.