Herandsholmen
holme i Ullensvang
60°20′24″N 06°20′45″E / 60.34000°N 6.34583°E
Herandsholmen | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang kommune | ||
Høgaste punkt | 18 moh. | ||
Folketal | 0 | ||
Herandsholmen 60°20′27″N 6°20′47″E / 60.34089°N 6.34646°E |
Herandsholmen er ein holme i Ullensvang kommune i Vestland. Det smale Holmsundet, på det smalaste rundt 50 meter breitt, skil holmen frå fastlandet i Herand. Holmen er rundt 900 meter lang frå nordaust til sørvest. Han er veglaus.
Det var husmannsplass på Herandsholmen sidan iallfall midten av 1600-talet. I 1755 vart det oppretta ein gjestgjevarstad her. Landhandelen på holmen vart avvikla i 1914, då hadde gjestgjevarstaden stengt nokre år før, rundt århundreskiftet. Holmen har vore utan fast busetjing sidan 1987. Det vert no drive utleige til grupper.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000 |
---|---|---|
12 | 19 | 0 |
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Strandebarm prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Jondal herred, frå Digitalarkivet
- Gaute Losnegård, Jondal kommune - Gards- og slektssoge, bd. 1 (Jondal kommune, 2003)