Herbert Morrison

Herbert Morrison (14. mai 190510. januar 1989) var ein amerikansk reporter som er mest kjend for å ha kommentert Hindenburg-ulukka.

Herbert Morrison
Fødd 14. mai 1905
USA
Død

10. januar 1989 (83 år)
Morgantown

Yrke journalist, radioprogramleiar, fjernsynsprodusent
Herbert Morrison på Commons
«Hindenburg» eksploderer i New Jersey i USA den 6. mai 1937.

Morrisons radioopptak vart ikkje publisert før dagen etter. Delar av dette lydopptaket vart lagt til på eit filmopptak for å formidla hendinga tydelegare og dramatisera ulukka. Sendinga vart seinare ei av dei mest kjende både i medie- og flyhistoria. Det er særleg Morrison sitt utrop «oh, the humanity!» som vart kjent.

Det er likevel usikkert om han sa «oh, the humanity» eller «all the humanity». Morrison hadde tidlegare fleire gonger omtalt menneska på bakken som var i ferd med å få skipa trygt ned, som «mass of humanity». Han brukte difor orda då det vart tydeleg at det brennande vraket ville landa på bakkemannskapa under.

KjelderEndra