Opna hovudmenyen

Hermund Eian (3. desember 192726. januar 1983) var ein gardbrukar, fiskar og politikar frå Roan i Sør-Trøndelag. Han representerte Sør-Trøndelag og partiet HøgreStortinget frå 1969 til han døydde.

Hermund Eian
Fødd 3. desember 1927
Roan
Død

26. januar 1983

Yrke politikar, bonde

Far hans var gardbrukar og fiskar, og han tok sjølv over farsgarden Eian i Roan i 1959. Før den tid var han gardsarbeidar til han gjekk landbruksskule i 1944/45. Deretter var han sjømann til han gjekk Hærens sambandsskule i 1948/49 og Skjetlein jordbruksskole. Han tok også kurs i navigasjon og handelsfag og var fiskar 1951-53, og sidan skipper og handelsreisande i åra fram til 1958.

Eian var formann 1952-54 i Roan Ungdomslag og 1960-63 og 1966-67 i Roan Bondelag, samt formann 1970-81 i representantskapet i Bjørnør Sparebank.

Eian var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag frå hausten 1969 til han døydde. Dei fire fyrste åra på Stortinget var han medlem i Landbrukskomiteen. Hausten 1973 tok han plass i Sjøfarts- og fiskerikomitéen, der han var nestformann til 1981, og sidan formann til døden melde seg vinteren 1983. Jamsides var Eian medlem 1970-76 av Høgre sitt kommunalutval og 1970-74 i det distriktspolitiske utvalet til partiet. Frå 1981 var han så medlem av sentralstyret i Høgre.

Etter Eian døydde i 1983, rykka Harald Ellefsen opp til fast representant.

KjelderEndra