Hernio
Hernio er eit fjell i Baskarland i Spania midt i provinsen Gipuzkoa. Fjellet stig opp frå Zelatunpasset. Andre fjell i same massivet er Gazume (997 moh.) som ligg lenger vest, og Herniozabal (1010 moh.) i aust. Landsbyar ved foten av fjellet er Errezil i sørvest, Alkiza i nordaust og Asteasu i nord. Toppen av Hernio gjev flott utsyn over Azpeitia i nordvest.
Hernio | |||
fjell | |||
Nær toppen av Hernio
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Område | Gipuzkoa | ||
Fjellkjede | Baskarfjella | ||
Høgd | 1 075 moh. | ||
Lettast tilkomst | Frå Iturriotz | ||
Koordinatar | 43°10′16.99″N 02°09′5.69″W / 43.1713861°N 2.1515806°W | ||
Hernio 43°10′17″N 2°09′06″W / 43.171386111111°N 2.1515805555556°W | |||
Wikimedia Commons: Hernio (mountain) |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hernio» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2009.