Herschel-teleskopet

Herschel-teleskopet (engelsk: Herschel Space Observatory) er eit romobservatorium som observerte i det fjerninfraraude og i submillimetererdelen av det elektromagnetiske spektrumet, slik at det om lag dekte bølgjelengdintervallet 55-672 µm. Observatoriumet vart skote opp 14. mai 2009 frå Kourou i Fransk Guyana i lag med Planck-teleskopet, og var verksam i L2-punktet mellom jorda og sola.[1] ESA enda prosjektet 17. juni 2013.[2]

Teikning av Herschel

Teleskopet har ein hovudspegel på 3,5 meter, noko som gjer det til det største romobservatoriumet som har vorte skote opp.[3]

Teleskopet er namnsett etter den tyskfødde engelske astronomen William Herschel, og studerte korleis stjerner og galaksar vart forma; og korleis dei held fram med å utvikla seg.[3]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre