Hervør Pálsdóttir

Hervør Pálsdóttir (fødd 26. november 1995) er ein færøysk politikar. Ho har vore medlem av Lagtinget sidan 2019. Ho representerer partiet Tjóðveldi.[1][2]

Hervør Pálsdóttir
Fødd26. november 1995 (28 år)
Kambsdalur
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiTjóðveldisflokkurin
Yrkepolitikar
Utdanna vedFróðskaparsetur Føroya
VervLagtingsmedlem 31. august 2019–
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting (2019–) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Pálsdóttir har vakse opp i både Kambsdalur og Tórshavn. Ho har gått vidaregåande skule i Kambsdalur og studert politikk og administrasjon ved Fróðskaparsetur Føroya i Tórshavn.[1]

Politisk karriere

endre

Pálsdóttir har vore leiar i ungdomsorganisasjonen Unga Tjóðveldið og i paraplyorganisasjonen Socialistisk Ungdom i Norden. Ho har også engasjert seg for klimasaka og abortsaka.[1]

I 2019 blei Pálsdóttir vald inn på Lagtinget.

Familie

endre

Pálsdóttir kjem frå ei slekt med fleire kulturelt og politisk interesserte. Morfaren hennar, Jóhan Hendrik Winther Poulsen, var professor i nordiske språk, og oldefaren Niels Winther Poulsen var lagtings- og landsstyremann. Gjennom mormora si Birna, fødd Patursson, er ho også tippoldebarn av Jóannes Patursson.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Hervør Pálsdóttir» (på færøysk). Tjóðveldi. Henta 20. desember 2022. 
  2. «Hervør Pálsdóttir» (på færøysk). Løgtingið. Henta 20. desember 2022.