Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi

Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi (aserbajdsjansk for Heydər Əliyev sport -og utstellingskompleks) er det største utstellingslokalet i Baku i Aserbajdsjan. Sidan det opna i 1990 har om lag 40 internasjonale tevlingar i ulike sportar vorte haldt i komplekset. Det har plass til 7 800 personar, noko som gjer det til en av dei største sportsarenaane i landet.

Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi
Offisielt namn Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi
Stad Baku i Aserbajdsjan
Kapasitet 7 800
Historiske årstal
Påbegynt
1977
Opna
1990
Stengd
Hendingar

Eurovision Dance ContestEndra

Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi skulle vere arena for Eurovision Dance Contest 2009, men tevlinga har vorte utsett på ubestemd tid på grunn av mangel på deltakarland.

Eurovision Song Contest 2012Endra

Då det vart klårt at Aserbajdsjan skulle arrangere Eurovision Song Contest 2012 stod komplekset som ein av hovudkandidatane til å verte arena. Seinare valte ein å byggje ein ny arena for tevlinga, Bakı Kristal Zalı.

KjelderEndra