Hicksville i New York
Hicksville er eit byområde med status som hamlet i byen Oyster Bay i New York som ligg i Nassau County på Long Island. Ved folketeljinga i 2010 hadde området i Hicksville som ein census-designated place (CDP) eit folketal på 41 547.
Hicksville | |||
busetnad | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | New York | ||
Fylke | Nassau County | ||
Areal | 17,627569 km² | ||
Folketal | 41 547 (1. april 2010)[1][2] | ||
Hicksville i New York 40°45′48″N 73°31′24″W / 40.7633°N 73.5233°W | |||
Wikimedia Commons: Hicksville, New York |
Valentine Hicks, som var svigersonen av slaverimotstandaren og kvekarpredikanten Elias Hicks, og sjølv etterkvart leiar for Long Island Rail Road, kjøpte land i landsbyen i 1834. Han utvikla dette til Hicksville LIRR-stasjon i 1837. Stasjonen blei brukt til jordbruksvarer, særleg for agurkar for ein Heinz-fabrikk. Etter at plantesjukdom øydela agurkavlinga dyrka jordbrukarane poteter. Staden utvikla seg til ein forstad for New York by då utbygginga skaut fart etter andre verdskrigen.[5][6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.census.gov/geographies/reference-files/time-series/geo/gazetteer-files.2010.html; vitjingsdato: 9. juli 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?g=0100000US%241600000&y=2010&d=DEC%20Redistricting%20Data%20%28PL%2094-171%29; vitjingsdato: 10. mai 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 https://data.census.gov/cedsci/profile?g=1600000US3634374; vitjingsdato: 23. februar 2022.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ Hicksville: Bound Together by Railroad Ties – Newsday. Henta 14. november 2007
- ↑ Ron Ziel and George H. Foster, Steel Rails to the Sunrise, ©1965
- Denne artikkelen bygger på «Hicksville, New York» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2021.