Anglernes kirkes historie

Anglerne kirkes historie (latin Historia ecclesiastica gentis Anglorum) er hovudverket til angelsaksisk munken Beda den ærverdige. Sjølv kalla han verket ei kyrkjehistorie, men det dekker langt meir enn tittelen skulle tilseia. Fordi historia om kyrkja i England fram til hans tid i stor grad dreidde seg om misjonsverksemd, der kongane var heilt sentrale, skriv han mykje om politikk, krigføring og anna. Verket er derfor ei av dei viktigaste kjeldene til kunnskap om dei angelsaksiske kongedømma.

Folio 3v frå manuskriptet «St Petersburg Bede».

Verket er skrive på latin og handlar om historia til den engelske kyrkja og om England generelt, men har hovudfokus på konflikten mellom den katolske og den keltiske kristendommen. Ein går ut frå at det blei sett saman i fem band i 731, då Beda var rundt 60 år gammal.

Dei fyrste kapitla er sette saman frå tidlegare kjelder, som pavelege brev og det andre forfattarar måtte ha nemnt om England. I tillegg er det lagt inn legender og munnlege overleveringer. Frå kapittel 22 og utover dekker han tida etter at misjonærbiskopen Augustin kom til England i 596, og han har då betre kjeldemateriale. Han gjorde mykje arbeid for å få tak i kjeldene, og det er tydeleg at han for denne perioden var meir forsiktig med å bruka munnlege overleveringer når han hadde eit alternativ.

Utgjevingar endre

  • 1475: trykt i Tyskland
  • 1563: «basisutgivinga» (ukomplett)
  • 1643: fyrste utgåve trykt i England
  • 1688: «Köln-utgåva»
  • 1742: Smith
  • 1884: Giles, opptrykka i Patrologia Latina
  • 1896 C. Plummer, Oxford
  • 1969: Bertram Colgrave og R. A. B. Mynors, Oxford, Clarendon Press, nytrykk med rettingar i 1992
  • 2005: Michael Lapidge, Paris

Norsk utgåve endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Jones, Putnam Fennell: A Concordance to the Historia ecclesiastica of Bede, Cambridge, 1919.
  • Wallace-Hadrill, J. M.: Bede's Ecclesiastical history of the English people: a historical commentary, Oxford: Clarendon Press; New York: Oxford University Press, 1988.
 

Originaltekst av Anglernes kirkes historie ved Wikisource.