Kategoriar samlar artiklar som har likt tema. Det finst kategoriar som dekker vide emne på toppen og deretter stadig snevrare underkategoriar. Kva kategoriar ein artikkel høyrer til i kan du som regel sjå nedst i artikkelen.

Korleis leggja ein artikkel inn i ein kategori endre

Du kan leggja inn kategoriar medan du endrer ei side. På nynorsk Wikipedia legg ein vanlegvis kategoriane nedst, mellom slutten av teksten (etter evt. malar) og interwikilenkjene.

Legg dei inn slik:
[[kategori:blomar]]
[[kategori:rosefamilien]]

Ved lagring vil denne artikkelen leggjast inn i kategoriane blomar og rosefamilien.

Sortering i kategoriane endre

Artiklar blir sorterte automatisk i kvar kategori under første bokstaven (eller teiknet) i tittelen. Dersom ein ønskjer ei anna sortering, kan ein leggja inn denne saman med kategorien:

[[kategori:blomar|Rose]]

Hovudartiklar i ein kategori blir vanlegvis lagde først i lista ved at ein sorterer dei under spesialteikn, vanlegvis mellomrom (ikkje noko teikn) eller asterisk:

[[kategori:rosefamilien| ]]

Artiklar om moderne vestlege personar blir sortert etter etternamnet og artiklar som byrjer med "Det" som regel alfabetisk etter neste ordet.

Korleis laga og vedlikehalda ein kategori endre

Kategorisidene kan endrast på same måte som ein vanleg artikkel, men lista over artiklane dei inneheld blir laga automatisk. Ein kan leggja inn litt innhald i kategoriane, til dømes interwikilenkjene, ei kort innleiing, eit lite bilde eller peikarar til hovudartiklar.

Det viktigaste er likevel å plassera kategorien i kategorihierarkiet. Er du usikker på kvar kategorien høyrer heime kan du leita deg fram i kategori:kategoriar og nedover. Her vil du òg finna mønster for korleis det er vanleg å namngje artiklar. Pass på at du ikkje lager ein kategori som allereie finst under eit anna namn (til dømes kategori:norske fjell når me allereie har kategori:fjell i Noreg).

Kategori:Petroleum er eit døme på korleis ein god kategori kan sjå ut.

Retningsliner for kategorisering og namngjeving endre

Geografi endre

Hovudsakleg nytter me forma "[Stad] i [Land]", til dømes kategori:fossar i Noreg, ofte utvida til å gjelda verdsdelar, til dømes kategori:byar i Asia.

Personar endre

Personar blir som regel sorterte ut frå nasjonalitet, eventuelt folkegruppe, og yrke. Det vil seie at ein finsk samisk målar og arkeolog vil ligga i desse kategoriane:

[[kategori:finske kunstmålarar]]
[[kategori:finske arkeologar]]
[[kategori:samiske kunstmålarar]]
[[kategori:samiske arkeologar]]

Personar frå svært små folkegrupper kan ligga direkte i kategorien til folkegruppa utan å bli sortert etter yrke, til dømes kategori:finlandssvenskar.