Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Hovud».

Hovud er i likamslæra den fremste lùten av likamen hjå dyr når han er budd med munn, heile, høgre sansetol som augo, nos og øyro, opningar til luftvegane og i flestalle høve eigi beingrind eller hovudskalle. Hovudet er oftast tydeleg skilt frå resten av kroppen, so vel som rørleg. Lægre rygglause dyr vantar eit røynlegt hovud, men alle tvosida samsvaruge dyr (bilateria) hev, uråka av storleik.

Hovudskalle.
Segane i eit mannehovud.

Hovud veks fram hjå dyr i eit evolusjonært drag kalla kefalisering.[1][2]

Hovud hjå menneske endre

Mannehovudet er ei likamleg eining med hovudskalle, tungebein og den øvste lùten av ryggradi (nakkebein). Umgripet hovudskalle vert oftast nytta for både den nedre kjaken og heileskåli (den øvre lùten av skallen som held på heilen). Ein kann òg skildra hovudskallen som ei samansetjing av heileskåli og andlits-beingrindi (med den nedre kjaken). Det er åtte bein i heileskåli og fjortan i andlits-beingrindi.[3]

Kjeldor endre

Fotnotar endre

  1. Vitenskapens verden. 23 : Leksikon 1 : A-K. Norsk Fogtdal A/S. 1991. s. 115. 
  2. Lewis, John (1972). Naken ape eller Homo Sapiens?. Gyldendal. s. 117. 
  3. Halim, A. (30 December 2008). Human Anatomy:Volume Iii: Head, Neck And Brain. I. K. International Pvt Ltd. s. 3. ISBN 978-81-906566-4-1. 

Bakgrunnsemne endre