Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Kjetil Jemte».

Kjetil Jamte (gamalnorsk Ketill jamti, svensk Kettil Jamte) eller Kjetil Onundson var etter soga den fyrste kjende nybyggjaren i Jamteland. Etter Snorre Sturlason var Kjetil son av Onund jarl i Sparbu i Nord-Trøndelag.

Soga um Håkon den gode og soga om heilag-Olav segjer at Kjetil Jamte for auster yver Kjølen med ei stor mengd folk og buskap. Dei rudde skog og dyrka upp store bygder som seinare skulde få namnet «Jamteland» etter honom. Orsaki til utferdi var at austlandskongen Øystein «den ille» herja so hardt i Trøndelag at mange flydde landet. Snorre skriv ikkje noko um kva tid Kjetil Jamte skal hava livt, men det må hava vore på 700- eller 800-talet.[treng kjelde]

Snorre skriv: endre

Øystein, kongen til upplendingane, som sume kallar megtuge, men sume den ille, herja i Trondheim og lagde under seg Øynafylke og Sparbyggjafylke, og sette yvi deim son sin; men trøndine drap han. Kong Øystein fór andre gongen paa herferd til Trondheim og herja rundt umkring og lagde under seg; daa baud han trøndine, kven dei helst vilde hava til konge, trælen hans, som heitte Tore Fakse, eller hunden hans, som heitte Saur. Dei tok hunden, av di dei trudde, at dei so skulde raa seg meir sjølve; dei lét seida tro manns vit i hunden, og han gøydde tvo ord og tala de tridje. Dei gjorde eit halsband og lekkje av sylv og gull, og strakst de vart søylut, so tok hirdmennane hans og bar han paa herdane sine. De vart stelt til eit høgsæte aat han, og han sat paa ein haug, liksom andre kongar, og budde paa Innerøyi og hadde sæte sitt der som dei kallar Saurshaug. De er fortalt, at han fekk banen sin av di, at de kom vargar og tok paa buskapen hans, og hirdmennane eggja han til aa verja eigedomen sin. Han gjekk ned av haugen og fór dit som vargane var, men dei reiv han i sund strakst. Mange andre forunderlege ting gjorde kong Øystein med trøndine. For denne herjingi og ufreden flydde mange hovdingar, og mykje folk flydde fraa odelsgardane sine. Kjetil Jamte, son hans Onund jarl fraa Sparbu, fór aust yvi Kjølen, og ein heil brote folk med honom, og hadde lausøyren og buskapen med seg. Dei rudde skogane og bygde store bygdir der, som sidan vart kalla Jamteland. Soneson hans Kjetil var Tore Helsing; han fór for ei draaps-sak fraa Jamteland og aust yvi skogane, som der ligg, og bygde, og dit søkte mykje folk med han; dette lande kallar dei Helsingland, og de gjeng alt aust til sjøen.[1]

Kjeldor endre

  1. Snorre Sturlason, Steinar Schjøtt (1900). Kongesogur. Stenersen. 

Bokverk endre

Bakgrunnsstoff endre