Ho Siri

ar namnet på trepøsen som tidlegare vart brukt som toalett ombord i fartøy

Ho Siri var namnet på trepøsen som tidlegare vart brukt som toalett ombord i fartøy. Ho hadde gjerne eit volum på 10–12 liter, var solid lagga, og hadde ein tamp i handtaket. Før bruk vart ho fylt med ei passeleg mengd vatn. Den som skulle bruke pøsen sette seg på ein eigna stad på dekk. Etter bruk vart ho skyld med sjø henta med ein kastepøs. Ho Siri hadde gjerne sin faste plass i eit stativ ved rekkja.

Kjelde endre

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet (Norsk Maritimt Forlag, 2002).