Hobøl prestegard
59°36′06″N 10°55′23″E / 59.60167°N 10.92319°E
Hobøl prestegard ligg like ved Hobøl kyrkje. Slik har det vore sidan mellomalderen.
Hovudbygningen vart oppført medan Lars Rasch var sokneprest, etter ein brann i 1731. Den austre delen vart gjenoppbygd i 1822. Like søraust for hovudbygningen står forpaktarbustaden frå 1905, og sør for denne står eit lysthus frå 1800-talet.
Hovudbygningen og lysthuset vart freda i 1991. Hageanlegget ved prestegarden vart restaurert til kyrkja sitt 800-årsjubileum i 1995. I 2013 fekk Opplysningsvesenets fond Hobøl kommunes byggeskikkpris for rehabilitering av forpaktarbustaden. Prestegarden er rekna for å ha høg kyrkjeleg kulturverdi.
Kjelder
endre- Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «29 Hobøl prestegård». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 31–32.
- Hobøl prestebolig hos Opplysningsvesenets fond
- Hobøl prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren