Hochburg-Ach
Hochburg-Ach er ein kommune i distriktet Braunau am Inn i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. I vest ligg kommunen ved elva Salzach, grenseelva mot Tyskland og forbundsstaten Bayern. Hochburg-Ach har ei flatevidd på 40,1 km² og i kring 3 200 ibuarar.
Folkesetnaden er fordelt på vel 20 landsbyar og grender, landsbyen Uttendorf med knappe 800 ibuarar er den største tettstaden. Kommunesenteret i Hochburg-Ach ligg 462 meter over havet.
52% av arealet i kommunen vert nytta til landbruk, 42% er skogdekt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hochburg-Ach» frå Wikipedia på tysk, den 25. august 2018.