Hoft
kroppsregion
(Omdirigert frå Hofte)
Hofta eller mjødma (latin coxa) er overgangen mellom kroppen og beina. Her finst hofteledane (acetabulofemoralledane) som er to store flate bein, og musklane deira. Hofteledane er ledane som bind saman hofteskålene (acetabulum) i bekkenet, og hovudet på lårbeina (femurhovudet). På grunn av fødsel, er ofte hofta hjå kvinner breiare enn hjå menn.
Bekkenet inneheld sju knoklar, der nokre veks saman medan ein veks opp:
- Korsbeinet (sacrum) som er ein del av ryggrada.
- To tarmbein (os ilium) som formar hofteskåla.
- To setebein (os ischium) som stikker ned og bak.
- To skambein (os pubis) under navlen, bundne saman av symfysen.
Oversyn over hofta med musklar markerte med raudt: