Holger Danske er ein dansk sogehelt med opphav i eldre europeiske kvad og heltedikt som går under nemninga chansons de geste. Han vart først nemnd med namnet Oger le Danois i Rolandskvadet frå midten 1000-talet, der han tener som ryttar under Karl den store.

Holger Danske

Frå byrjinga av det trettande hundreåret finn ein kvadet «La Chevalerie d'Ogier de Danemarche», der Holger no er vorten hovudpersonen. I dette kvadet er han son av danske kong Gudfred og vert utlevert til franske kong Karl den store som fredsgissel. I framhaldet av kvadet bryt Gudfred fredsavtalen, og det vert bestemt at Holger (Ogier) skal mordast. Men ryttaren vert redda av hoffdamene til Karl den Store som bed kongen inntrengande om å spare livet has. Sidan han ikkje er skuldig i faren sine handlingar sparar franskekongen livet has. Seinare i same hundreåret vert Ogier framstilt som ein vyrd ryttar i hoffet hjå Karl den Store i kvadet «Les Enfaces Ogier». I endinga av det kvadet er det Ogier av Danmark som leiar franskmenna til siger over saracenarane.

Det første ein ser av Holger Danske i nordisk litteratur er i Karlemagnússaga, inspirert av dei franske sogene. Her har han fått namnet Oddgeir Danski.

Det finst eit utal vandrehistorier om Holger Danske, til og med i det tradisjonelle marionett-teateretSicilia, der han vert framstilt som ein helt grunna Rolandskvadet.

Under romantikken vart figuren gjeve nytt liv i Danmark i ei nasjonalromantisk drakt, mellom anna av B.S. Ingemann. I seinare tid har den danske forfattaren Ebbe Kløvedal Reich nytta figuren i si gjendikting av den danske historia.