Ei holsleiv, i Nord-Noreg òg kalla ein «sasspon» eller «sodspon», er ei flat sleiv med hol i.[1]

Holsleiver med ulik utforming, produserte i byrjinga og midten av førre hundreåret

Hola i skeibladet gjer at kokevatn sig ut. Difor høver ho godt til å lyfte fiskemolar opp or gryta. Ein kan også nytta ho til fritering, sylting og safting.[2]

Holsleiver vert tradisjonelt laga i tre, men dei kan òg lagast i plast. Når dei er produserte i metall, får dei ei anna utforming. Ein variant vert kalla fiskespade.

Kjelder endre

  1. «sasspon og sodspon», Norsk Ordbok - Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, henta 11. februar 2024 
  2. «Coline hullsleiv, rustfritt stål | Clas Ohlson», www.clasohlson.com, henta 11. februar 2024 

Bakgrunnsstoff endre