Hooker-teleskopet
Hooker-teleskopet er eit spegelteleskop ved Mount Wilson-observatoriet i USA. Instrumentet har ein diameter på 2,5 m og vart betalt av amerikanaren John Daggett Hooker. Det vart teke i bruk i 1917 og var fram til 1948 det største i verda. Hooker-teleskopet har vore særs viktig, særleg innan utforskinga av galaksar.
Kjelder
endre- «Hooker-teleskopet», Store norske leksikon, 1. juli 2014, henta 17. juli 2016