Hopspollen
Hopen eller Hopspollen er ein liten fjord på Austvågøy i Vågan kommune i Lofoten. Han strekkjer seg 3 km nordover til E10, som går langs den indre delen av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Storøya i vest og Hopsneset i aust. Grenda Hopen ligg på austsida av fjorden og på andre sida ligg campingplassen Kalle. Etter eit trongt sund lenger inn i fjorden vert han vidare og skiftar namn til Hopspollen.